VM-feber: TV 2-jubel etter milliontal og årsrekord

TV 2 jublar over milliontal frå VM-semifinalen mellom England og Kroatia. På det meste såg over 1,2 millionar sjåarar kampen.
sport

I snitt følgde 1.023.000 sjåarar den dramatiske VM-semifinalen. Ekstraomgangane blei sett av 1.133.000 sjåarar.

– Dette er hyggjelege og inspirerande tal å avslutta VM med for TV 2 sin del. Det har vore eit privilegium å få formidla endå eit forrykande fotballmeisterskap. Vi har på nytt hatt gleda av eit vellykka og raust samarbeid med NRK, og vi ønskjer vår gode kollegaar lykke til med bronsefinale og finale i helga, seier sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2.

NRK sender finalen søndag mellom Frankrike og Kroatia, mens TV 2 allereie har blikket mot fotballtunge sendeskjema til hausten.

– Vi som elskar fotball, hatar jo ferie, så no startar nedteljinga til fotballhausten gjennom tidene på TV 2 med Champions League, Premier League, Europa League og Nations League med det norske landslaget. Vi spinn etter å koma av stad med den fotballfesten, seier Jansen Hagen.

I snitt har 527.000 sjåarar følgd VM-kampane på TV 2. Semifinalane gav eit snitt rett under millionen (983.000).

Tysdag og onsdag denne veka blei dermed dei sterkaste dagane hittil i 2018 for TV 2.

(©NPK)