Ny strømpebot for fotballherrane til Sverige

Sverige må punga ut for andre gong i fotball-VM etter at ein av spelarane brukte feil strømper i kvartfinalen mot England.
sport

Denne gongen har Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) pålagt svenskane 50.000 sveitserfranc i bot for å ha brukt sokkar med ein uautorisert logo. Summen svarar til drygt 400.000 norske kroner.

Tidlegare i meisterskapen blei svenskane bøtelagt med 70.000 sveitserfranc fordi fleire spelarar brukte feil strømper.

Også Kroatia må betala 50.000 sveitserfranc fordi ein spelar brukte feil strømper mot England (semifinale). I alt har Fifa skrive ut bøter på 6,38 millionar kroner under Russland-VM. Strømpebøter har utgjort ein tredel av denne summen.

(©NPK)