Karsten Warholm

Taklet presset som favoritt

Karsten Warholm hadde ingen problem med å takle presset som kjempefavoritt. Verdsmeisteren tok EM-gullet på 400 meter hekk med tida 47,64.

Bestilt Karsten Warholm gjorde som bestilt og vann EM-gullet på 400 meter hekk.  Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix/ NPK

sport

Hekkestjerna frå Ulsteinvik gjekk som vanleg knallhardt ut og slo Yasmani Copello frå Tyrkia med 17 hundredels sekund. Med tida slo Warholm sin eigen noregsrekord med ein hundredel.

Thomas Barr frå Irland tok bronsen på Olympiastadion i Berlin.


Warholms dobbeldraum lever vidare, lett siger på 400-meteren

Karsten Warholm cruisa inn til finaleplass på 400 meter i friidretts-EM onsdag. Han sprang på 44,91 og imponerte stort da han vann heatet sitt.


Warholm-gullet kom nærmast som bestilt. 22-åringen har denne sesongen vore den klart raskaste hekkeløparen i Europa på distansen. Før finalen var det berre Warholm som hadde sprunge under 48 sekund i år. Det hadde han attpåtil gjort fire gonger.

Førre månad sprang Warholm 47,65 i London. Til samanlikning hadde nest raskaste mann i Europa, tyrkiske Yasmani Copello, tida 48,31 som årsbeste før EM-finalen torsdag.


Warholm enkelt til EM-finale

Karsten Warholm leika seg til finale på 400 meter hekk tysdag kveld. Tida 48,67 var meir enn nok til å vinne semifinalen.


Dobbel

Onsdag cruiset Warholm inn til finaleplass på 400 meter. Han viste da at han er ein heit kandidat til å ta medalje også på den flate distansen. Finalen går fredag kveld.

Det har vore gambling frå Warholm å gjere ein EM-dobbel. Det er eit dristig opplegg å delta i to løpsøvingar, men torsdag kveld beviste han at det ikkje har gått utover hovudmålet: Å ta gullet på favorittdistansen.

Finalen var det tredje løpet hans på like mange dagar.

Høveleg utsetting

Eigentleg skulle Warholm få tildelt gullmedaljen seint torsdag kveld, men den tyske arrangøren varsla allereie på ettermiddag at seremonien er utsett til fredag etter varsel om kraftig torevêr.

Den utsettinga passa Warholm perfekt. Han trong ikkje å bli igjen på stadion og vente i fleire timar på medaljeseremonien.

På same dato i fjor skreiv Warholm norsk idrettshistorie med VM-gullet på 400 meter hekk. Med det blei han den første mannlege verdsmeisteren i friidrett på løpebana for Noreg.

(©NPK)