EM-sølv til Watndal

Erik Watndal frå Moss sikra ein sterk sølvmedalje under EM i leirdueskyting i austerrikske Leobersdorf fredag.
sport

Finalen blei til slutt ein duell mellom nordmannen og danske Jesper Hansen. Den vann til slutt Hansen med 55 av 60 moglege treff. Watndal enda på 52.

Nordmannen leidde finalen fram til 30 leirduer var unnagjort og var treffsikker heile vegen mot sølvmedaljen.

Tidlegare fredag sikra Watndal seg finaleplassen med 122 trefte i den innleiande skytinga. Med seg til finalen fekk han tyske Sven Korte, Stefan Nilsson frå Sverige, russiske Aleksandr Zemlin, Emin Jafarov frå Aserbajdsjan og danske Hansen.

(©NPK)