Northug optimist trass treningspause

Petter Northug er trygg på at han snart er tilbake i full trening etter ufrivillig treningsavbrekk den siste tida.
sport

Northug har følt seg sliten i kjølvatnet av eit treningsopphald i Spania nyleg og valde å stå over Blink-festivalen i Sandnes i førre veke. Også denne landslagssamlinga i Steinkjer denne veka går utan medaljegrossisten.

Landslagstrenar Arild Monsen har overfor NTB vedgått at det knyter seg uvisse rundt 32-åringen.

Fredag deltok derimot Northug på eit arrangement i Steinkjer. Der letta langrennsstjerna på sløret rundt korleis han opplever forma sin.

– Eg stressar ikkje med at eg har litt tyngre dagar no. I treningskvardagen vår vil du møte dagar som er litt tyngre. Då handlar det om å lytte til kroppen og ikkje gjere dumme ting som kan gjere det til ein lengre periode. Eg er tilbake i full trening innan veldig kort tid, sa Northug ifølgje Trønder-Avisa.

Han omtalte vidare forma som "stigande".

Northug har nyleg vore gjennom medisinske testar. Ingen av dei viste teikn til at det er noko alvorleg med medaljegrossisten.

– Eg er ikkje superbekymra. Om dette går seg til, det er det ingen som tenkjer på denne veka til vinteren. Vi får berre håpe det er ein vanleg kroppsleg reaksjon, og at det ikkje blir noko meir, sa sprinttrenar Monsen til NTB tidlegare denne veka.

Neste oppgåve for Northug er i utgangspunktet Toppidrettsveka i neste veke. Førebels skal det ikkje vere tatt noka avgjerd rundt deltaking der.

(©NPK)