Triatlon: Springing øydela for Gundersen i EM

Jørgen Gundersen hadde los på ein medalje etter symjing og sykling under EM i triatlon i Glasgow fredag. Så rakna det for det norske håpet.
sport

Gundersen frå Jessheim blei til slutt nummer 18, slått med tre minutt og 18 sekund bak vinnaren Pierre Le Corre frå Frankrike.

Konkurransen bestod av 1,5 kilometer symjing, 40 kilometer sykling og 10 kilometer springing.

Jørgen Gundersen hang med i teten både etter symjedelen og syklinga. Då han fekk på seg joggeskoa, blei det derimot tungt.

Spanske Fernando Alarza tok sølvet, mens Martin van Riel frå Belgia blei nummer tre.

Endre Espedal enda opp som nummer 37. EM-konkurransen blei ei god erfaring for førsteårssenioren frå Haugesund.

Noreg var påmelde til miksstafett i EM laurdag. Laget er derimot trekt etter at Lotte Miller skadde seg på sykkelen i konkurransen til kvinnene.

(©NPK)