Vukicevic utslått i semifinalen

Vladimir Vukicevic kom til kort i semifinalen på 110 meter hekk under friidretts-EM fredag.
sport

Det norske håpet sikra seg avansement frå forsøka med eit naudskrik, men fredag var EM-eventyret i Berlin over. Tida 13,71 heldt ikkje til finaleplass.

– Eg er mildt sagt ikkje fornøgd. Eg gjorde nokre feil, sa 27-åringen til NRK etter målgang.

Vukicevic enda sist i heatet sitt. Berre dei to beste var sikra direktebillett til finalen seinare fredag.

Franske Pascal Martinot-Lagarde var best av alle i heatet med 13,32.

Vladimir Vukicevic spådde på førehand at han måtte sette personleg rekord med god margin for å ta seg vidare til finale. Den personleg beste rekorden hans er 13,54 frå Amsterdam i 2016.

(©NPK)