Yates best i Polen-avslutninga, Kwiatkowski vann samanlagt

Simon Yates vann avslutningsetappen av sykkelrittet Polen rundt fredag. Heimefavoritten Michal Kwiatkowski redda samanlagtsigeren.
sport

Yates kom åleine til mål etter å ha rykka frå resten av samanlagtkandidatane i den siste stigninga på den 136 kilometer lange etappen frå Bukowvina Resort til Bukowvina Tatrzanska.

Franske Thibaut Pinot og italienske Davide Formolo følgde nærmast.

I kampen om leiartrøya gjekk Yates til eit skummelt angrep på Kwiatkowski fredag, men sistnemnde berga likevel samanlagtsigeren. Til slutt skilde det 15 sekund dei i mellom.

Yates blei nummer to.

Verken Edvald Boasson Hagen eller Sven Erik Bystrøm fekk med utfallet av etappen fredag å gjere.

(©NPK)