Heidi Løke friskmeld – klar for Golden League

Kneet til Storhamar-spelaren Heidi Løke vart fredag friskmeld. Dermed er ho klar for Golden League-turneringa med det norske landslaget seinare denne månaden.
sport

Løke vart nyleg teke ut til den norske Golden League-troppen, med atterhald om at ho vart klarert for spel. Det vart ho fredag, stadfestar handballstjerna til NTB fredag.

– Det såg veldig bra ut. Eg er heilt klar igjen, opplyser Storhamar-spelaren.

Det var i starten av september at Løke vart plassert på sidelinja etter at ho fekk ein smell i kneet.

– Eg fekk ein overstrekk i kneet. Det var ein del væske i det, og derfor viktig å ta det med ein gang, sa ho om skaden torsdag.

At ho no er friskmeld gjer at ho òg er aktuell for landslagsspel i Golden League-turneringa i Danmark. Turneringa, som startar 24. september, er ein del av oppkøyringa før EM i Frankrike (30. november og 16. desember).

– Det er jo EM som er målet mitt denne sesongen ved sida av å gjere det bra med Storhamar.

Storhamar møter serie- og sluttspelmeisteren frå førre sesong, Vipers Kristiansand, på heimebane onsdag til veka.

(©NPK)