Pinot vann Vuelta-etappe, Yates distanserte rivalane

Franskmannen Thibaut Pinot vann den tøffe Vuelta a España-etappen fredag. Simon Yates i den raude leiartrøya vart nummer to og distanserte rivalane samanlagt.
sport

FDJ-ryttar Pinot fekk stikke frå den britiske Mitchelton-ryttaren på dei siste meterane opp den bratte stigninga til mål i Andorra, men Yates hadde gjort jobben i kampen mot dei tøffaste rivalane sine i samandraget. Dei tapte alle terreng.

Alejandro Valverde var berre 25 sekund bak Yates før etappen fredag, men han fekk det veldig tungt mot slutten og tapte kraftig opp den stupbratte stigninga til mål i 2.025 meters høgde. Han sleit seg inn til ein åttandeplass, men tapte 1.13 minutt til Yates (inkludert bonussekund) og er no 1.38 bak.

Den spanske Movistar-ryttaren greidde så vidt å forsvare andreplassen. Steven Kruijswijk frå Nederland og LottoNL-laget vart nummer tre på etappen fredag, 13 sekund bak Pinot, og klatra til ein tredjeplass, også i samandraget. Han er 1.58 bak Yates før dei to siste etappane.

Takka for hjelpa

– Eg kjente meg sterk, og kroppen svarte når eg trong det. Laget mitt gjorde igjen ein fantastisk jobb, sa Yates, ifølgje cyclingnews.com. Han takka Pinot for hjelpa.

– Han hadde lyst på etappesigeren og kunne ha lagt seg på hjulet mitt og late meg gjere jobben, men han tok sine føringar. Det er noko eg ikkje gløymer så lett, sa han.

Etappesigeren var den andre for Pinot i denne utgåva av Vueltaen.

– Eg kjente meg ikkje bra onsdag, men eg fann beina mine igjen i dag. Denne sigeren er pynten på kaka for meg i dette rittet, sa FDJ-ryttaren.

Movistar dominerte lenge fredagsetappen i eit forsøk på å utfordre Yates i den raude trøya, men lykkast ikkje, då både Valverde og Nairo Quintana fekk trøbbel mot slutten og tapte mykje.

Respekt

Laurdag ventar ein brutal fjelletappe i Andorra, som blir den siste sjansen rivalane får til å plukke trøya av Yates. Han tek ikkje noko for gitt etter at han i Giro d'Italia mista leiartrøya og tapte nesten 40 minutt då Chris Froome og Sky-laget hans sette fart i bakkane.

Dagen etter Yates-kollapsen i Italia hamna forresten etappevinnaren fredag, Pinot, på sjukehus då han tok seg heilt ut i forsøket på å følgje Froome & co. i fjella.

– Eg har stor respekt for det som ventar i morgon. Eg vil nyte denne dagen, men dette rittet er ikkje over før det er over, sa Yates fredag.

Dei norske Vuelta-deltakarane Vegard Stake Laengen og Sven Erik Bystrøm kom begge til mål vel 20 minutt etter etappevinnaren på den 19. etappen.

(©NPK)