Då Edvald Boasson Hagen melde seg som uaktuell til tempodistansen, var planen å droppe norsk deltaking på VM-tempoen heilt.
I etterkant av VM-uttaket har Skjerping sett noregsrekord på 10 og 20 kilometer.
– Vi ønskjer å gje eit signal om at vi vil ha ryttarane til å satse på tempo. Ingen andre har køyrt så fort før, og då fortener han òg ein plass i VM. Eg er meir usikker på kva dette kan halde til i Innsbruck. Dei beste er på eit heilt anna nivå, men på det aller ypparste kan Kristoffer klare ei topp-25-plassering, seier sportssjef Hans Falk i Norges Cykleforbund.
Vita Heine skal sykle tempo for Noreg i kvinneklassen.
(©NPK)