Ingen PL-fotball på nyttårsaftan

Det blir éin kviledag meir under det hektiske romjulsprogrammet i Premier League, men framleis blir det intenst for klubbane.
sport

Fredag blei TV-datoane for jul- og nyttårskampane i Englands toppdivisjon sleppt. Dette er ein periode av sesongen mange supporterar av engelsk fotball set svært høgt.

I fjor var det heilt PL-fri 24., 25. og 29. desember. Denne sesongen er kviledagane lagt til 24., 25., 28. og 31. desember. Det betyr at det ikkje blir spelt Premier League på den siste dagen i året.

Manchester City-manager Pep Guardiola sa førre sesong at juleprogrammet «tok livet» av spelarane hans. Utsegna kom etter at City hadde møtt Watford 48 timar etter ein kamp på nyttårsaftan.

Spanjolen blir neppe heilt blid over å sjå at gullutfordrar Liverpool får éin dag meir kvile enn City før laga møtest i Manchester 3. januar. Liverpool har fire dagar fri mot Citys tre før storkampen.

Det hektiske juleprogrammet startar 21. desember. Då møtest Wolverhampton og Liverpool på Molineux. Tottenham spelar kamp både 23. og 26. desember.

Manchester United får berre to dagar med kvile mellom heimekampen mot Bournemouth 30. desember og bortemøtet med Newcastle 2. januar.

Slik ser Boxing Day (26/12) ut: Fulham – Wolverhampton (13.30), Burnley – Everton, Crystal Palace–Cardiff, Leicester–Manchester C., Liverpool–Newcastle, Manchester U.–Huddersfield, Tottenham–Bournemouth, Brighton–Arsenal (18.15), Watford–Chelsea (20.30).

Kampar utan parentes bak seg startar klokka 16 norsk tid.

(©NPK)