Nora Mørk ute i seks nye månader

Handballstjerna Nora Mørk må ha nye seks månader på sidelinja. Operasjonen fredag viste at menisken er skadd, melder TV 2.
sport

– Det gjekk som Nora frykta då vi prata med henne. Ho må sy menisken. Det betyr at ho er ute i rundt seks månader til, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til TV 2.

Mørk vart operert sist gong i februar etter at ho korsbandet i høgre kne rauk.

Ho starta opp med handballtrening i august, men det kom nye tilbakeslag.

Mørk frykta sjølv at ho måtte inn og sy menisken, og det fekk ho rett i.

Ho var nedtrykt etter den siste motgangen. Noko EM i desember blir det slett ikkje snakk om.

– No blir det faktisk å legge seg under kniven med knea for åttande gong. Dette er første gong eg har kjent på følelsen av å vere knust, å ha mista motet og motivasjonen. No veit eg rett og slett ikkje kva vegen blir vidare, for no er eg berre ein handballspelar som ikkje spelar handball, sa Györ-stjerna.

(©NPK)