Stockholm-politikarane sa nei til vinter-OL i 2026

Stockholms politikarar ønskjer ikkje at Sverige skal søkja om å få arrangera vinter-OL i 2026 i hovudstaden i landet.
sport

– Akkurat no manglar vi grunnlaget og støtta til eit vinter-OL, men alle ønskjer eit vinter-OL i framtida, så spørsmålet er meir når, sa Moderaternas König Jerlmyr fredag.

Karin Ernlund i Centerpartiet seier at byen ikkje stengjer OL-døra permanent, men at 2026 ikkje er det rette tidspunktet. Det kom fram under ein felles ein pressekonferanse frå Alliansen (Moderaterna, Kristdemokraterna og Centerpartiet) og Miljöpartiet i Stockholm stadshus.

Alliansepartnarane vil ha garantiar for at eit OL ikkje skal gå ut over skattebetalarane.

Dette betyr at det framleis manglar ei tydeleg politisk støtte for eit vinter-OL i Sverige i 2026.

Seinast 12. april må Stockholm sende inn ein søknad om dei vil vera med i kampen om OL.

Men akkurat no liknar det ikkje på nokon kamp i det heile. Etter dette signalet er det i praksis berre to aktuelle kandidatar att på lista til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).

Og heller ikkje dei kandidatane er nokre sikre kort. I Calgary skal det arrangerast ei folkeavstemming i november før det skal takast ei endeleg avgjerd om ein søknad, og søknaden til Milano/Cortina d'Ampezzo er svært uviss sidan han manglar ein offisiell statsgaranti.

(©NPK)