Myrhol tilbake etter kneskade

Landslagskaptein Bjarte Myrhol gjennomførte fredag si første skikkelege handballtrening på nesten seks veker.
sport

– Det gjekk greitt, men det er framleis litt småusikkerheit fordi det er første gong eg har hatt ein slik leddbandskade i kneet, seier Myrhol til NTB.

Kneet hans er solid teipa opp.

Han spelar ikkje Skjerns seriekamp søndag, men håpar snart å vere med for fullt.

Myrhol vart boren av bana etter 34 minutts spel i danske Skjerns 27-35-tap borte mot franske Nantes i meisterligaen i starten av oktober.

(©NPK)