Noreg nær skalp i innebandy-VM

Noreg leverte ein knallkamp og heldt Sveits til ekstraomgang i kvartfinalen i innebandy-VM i Tsjekkia. Halvminuttet ut i forlenginga avgjorde Sveits til 3–2.
sport

Sveitsarane gjekk opp i føringa etter dryge sju minutt ved Joel Rüegger då dei norske spelarane såg ut til å miste konsentrasjonen ei lita stund.

Utlikninga kom åtte minutt seinare då Sindre Bjerknes avslutta eit godt norsk åtak. Han fekk ballen på høgrekanten og med eit langskot limte han ballen i lengste kryss.

Sveits gjekk igjen opp i føringa tidleg i tredje periode, men med snaue fire minutt igjen på klokka svara dei norske herrane igjen.

Keeper Markus Jelsnes redda eit skot og kasta raskt opp til Ketil Kronberg, som kom åleine med keeper. Superveteranen gjorde ingen feil, og med éi hand flikka han ballen mellom beina på keeperen.

38-åringen har spelt alle VM for Noreg sidan tusenårsskiftet. Med 2–2-scoringa sørgde han for at spelet gjekk til forlenging.

Der tok det berre 28 sekund før avgjerda fall, og Sveits går til semifinale i Tsjekkia-VM.

(©NPK)