Professor slår alarm om eteforstyrringar i langrenn

NIH-professor Jorunn Sundgot-Borgen seier til NRK at ho aldri har fått fleire telefonar om eteforstyrringar i norsk langrenn enn ho har fått denne hausten.
sport

Eteforstyrringar i langrenn er ikkje eit nytt fenomen, men denne hausten har det teke av, ifølgje professoren.

– Vi har hatt dette problemet i mange år, men det har ikkje vore så ille som denne hausten her. Eg blir heilt skremt av alle telefonane eg får frå bekymra og dyktige trenarar som ser problemet tidleg og ønsker å gjere noko med det, seier Sundgot-Borgen til NRK.

– Og det er frå utøvarar sjølv, frå venninner, frå fastlegar. Det er nærast eit hysteri der ute, blanda med motløyse, og kanskje mest frå fortvila foreldre. Eg får servert historier frå løparar som innrømmer at dei plukkar lommane fulle av stein når dei skal vegast for å skjule at dei har gått ned i vekt, legg ho til, før ho peikar på at vektkontroll sikkert har eit føremål som førebyggjande tiltak for å unngå vektreduksjon, men at dét ikkje er løysinga.

Sundgot-Borgen er spesialist på eteforstyrringar og vektregulering hos idrettsutøvarar.

– Slankehysteri er gjentakande år etter år. Det byrjar i august og er på det verste i november og desember. Eg er alvorleg bekymra for alle dei unge utøvarane som blir liggjande igjen i grøfta fordi dei slankar seg sjuke, seier professoren.

NRK har snakka med landslagslege Øystein Andersen i Skiforbundet om problemet.

– Alle som er involvert i idrett må ta dei utfordringane på alvor. Det er kjent at dei som driv med uthaldsidrett har fleire som har utfordringar med tanke på ernæring enn andre plassar, seier Andersen til kanalen.

(©NPK)