Skøyteherrane med ny pallplassering på lagtempo

Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og Håvard Bøkko gjekk inn til andreplass i lagtempo under verdscupen på skøyter i Polen fredag.
sport

I heat med Japan såg Noreg ein sjanse for siger, men Henriksen såg noko tung ut då han var i føringa.

Japanarane tok over leiinga, men såg ut til å sprekke på slutten. Nordmennene klarte likevel ikkje å hamle opp med det sterke japanske laget, og gjekk til slutt inn i mål 26/100 bak vinnarane.

– Det er ikkje mykje. Men vi vil jo alltid vinne. Sverre gjorde ein god jobb, men det er litt synd, sa landslagstrenar Bjarne Rykkje til NRK.

– Vi har ein del å gå på framleis, vi går litt for ujamt fartsmessig. Det er litt rufs heile vegen, sa Lunde Pedersen til kanalen etter løpet.

Russland og Nederland gjekk etter nordmennene, men klarte ikkje å gå raskare enn det norske laget. Russland hamna 6/100 bak Noreg og tok tredjeplassen, mens eit B-prega Nederland gjekk inn til åttandeplass.

Dermed har Noreg tre pallplassar på dei tre første løpa i sesongen.

Med andreplassen tek Noreg over verdscupleiinga, ti poeng framfor Japan og Russland.

Noreg deltek ikkje på lagtempo for kvinner.

(©NPK)