Meir skadetrøbbel for Tottenham

Tottenham må klare seg utan fleire stjernespelarar når Borussia Dortmund kjem på besøk til åttedelsfinale i meisterligaen onsdag.
sport

Tysdag stod Danny Rose over Tottenhams trening på grunn av ein leggskade han fekk like før slutt i kampen mot Leicester på søndag.

– Det er umogleg for han å starte, sa Spurs-trenar Mauricio Pochettino om sjansane for at Rose blir klar til Dortmund-kampen.

Skaden kjem ulagleg for eit London-lag som truleg må klare seg utan storscorar Harry Kane, Dele Alli og Ben Davies. I tillegg er ikkje Vincent Janssen klarert for meisterligaspel.

Eric Dier og Erik Lamela har derimot returnert til treningsfeltet og vil truleg vere med i troppen.

(©NPK)