Noreg ute av lagkonkurransen i Åre etter skitrøbbel

Sebastian Foss Solevåg mista ei ski undervegs då Noreg rauk ut i kvartfinalen av lagkonkurransen i alpin-VM.
sport

Thea Stjernesund opna kvartfinalen i parallellslalåm mot Italia på best mogleg vis då ho vann duellen sin mot Irene Curtoni. I neste duell vart det dramatikk då Solevåg plutseleg mista ei ski og dermed tapte mot Alex Vinatzer.

Dermed vart det eit ekstra press på dei neste norske køyrarane. Kristin Lysdahl tapte òg duellen sin mot Lara Mea Della, og då måtte Leif Kristian Nestvold-Haugen vinne med god margin i siste heat. Han køyrde jamt mot Simon Maurberger, men måtte sjå seg slått med to hundredelar.

Noreg rauk dermed ut i kvartfinalen og klarte ikkje å gjenta suksessen frå OL i 2018. Då tok Noreg bronse. Då var Nina Haver-Løseth ein del av laget, men ho er ikkje med til VM i Åre grunna ein kneskade.

(©NPK)