Valdtektssak mot Babacar Sarr utsett

Rettssaka mot den tidlegare Molde-spelaren Babacar Sarr er utsett. Eit sentralt vitne seier at han ikkje vil møte.
sport

Rettssaka skulle ha starta torsdag. Dette er ankesaka der Sarr vart frikjent for straff i ei valdtektssak, men likevel vart dømt til å betale 150.000 kroner i erstatning. Det er påtalemakta som har anka avgjerda om frifinning.

Det er venta at ny dato for ankesaka blir kjend onsdag.

– Eg har kravd utsetjing fordi eitt sentralt vitne har sagt at han ikkje kjem til å møte, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til Nettavisen.

Det var Romsdals Budstikke som først melde om saka.

– Det er ein utruleg arroganse som går kraftig ut over kravet både tiltalte og fornærma har på å få rettssaka teke opp til doms. Eg reknar med at vitnet vil bli etterlyst, men det hjelper lite akkurat no, seier John Christian Elden, som er advokat for kvinna.

Sarrs advokat Mette Yvonne Larsen opplyser at Sarr var venta til Noreg onsdag. I ei pressemelding mellom anna sendt til NTB heiter det:

– Han beklagar at media har spekulert på om han ville lure seg unna straffeforfølginga ved å ikkje møte i Noreg. Dette er spekulasjonar som har belasta han i stor utstrekning, skriv Larsen.

– At saka er utsett på ubestemt tid er sterkt beklageleg, heiter det i pressemeldinga frå advokat Larsen.

(©NPK)