Cristiano Ronaldo på landslaget for første gong sidan VM

Cristiano Ronaldo vart fredag tatt ut i landslagstroppen til Portugal for første gong sidan VM-sluttspelet i fjor.
sport

Denne gongen dreier det seg om EM-kvalifisering mot Ukraina og Serbia.

34-åringen spelte sist for landslaget i åttedelsfinalen i VM, då det vart tap for Uruguay. Sidan har han bytt klubb frå Real Madrid til Juventus.

– Cristiano er den beste spelaren i verda, og no vender han tilbake til laget sitt. Han gjer alle lag betre, seier landslagssjef Fernando Santos.

Ronaldo har 85 mål på 154 landskampar. Utan Ronaldo på laget vann Portugal i fjor haust gruppa si i nasjonsligaen og kvalifiserte seg til sluttspelet i A-divisjonen, som skal avviklast på heimebane i juni.

Portugal er regjerande europameister. Ronaldo vart skadd i finalen mot Frankrike i 2016 og måtte ut tidleg, men lagkameratane vann utan han.

– Målet vårt er å forsvare tittelen, seier Santos.

(©NPK)