Tidlegare Kiel-spelar: – Sagosen er akkurat det klubben treng

Frode Hagen spelte for THW Kiel frå 2006 til 2008. Han meiner Sander Sagosen er den brikka laget treng for å bli ein stor klubb i internasjonal handball igjen.
sport

– Eg trur Sagosen er han som løftar dei opp igjen. Det er akkurat dette Kiel treng for å klatre heilt opp igjen, seier Hagen til NTB.

Han spelte i THW Kiel i to år og vart tysk meister i 2005 og 2006 med klubben.

Han er skråsikker på at Sagosen kjem til å heve laget som ligg på 2.-plass i Bundesligaen og spelar EHF-cup denne sesongen.

– Det er bra for Bundesligaen at verdsstjerner kjem tilbake dit. Eg er heilt overtydd på at dei kan løfte seg med Sagosen, held Hagen fram.

Sagosen blir den sjette nordmannen i Kiel. Tidlegare har Steinar Ege, Børge Lund, Erlend Mamelund og nemnde Hagen ikledd seg den kvite drakta.

Harald Reinkind er i klubben no.

– Kiel er ein pulserande handballby. Innbyggarane lever av og for handball. Det er motiverande at dei har så mykje passion for handballen. Det er handballby nummer ein, og det speglar seg i talet på tilskodarar, seier Hagen, som også er klar på dette ikkje er noko steg ned for Sagosen, sjølv om dei ikkje speler i meisterligaen denne sesongen.

(©NPK)