Akershus tok det første laggullet i alpint-NM

Akershus vart historiske NM-vinnarar av det første laggullet i parallellslalåm i alpint i Hemsedal i kveld.
sport

Rasmus Windingstad, Kajsa Vickhoff Lie, Martine Fosmo Nyberg og Tobias Windingstad utgjorde gullaget til Akershus. I finalen slo Akershus rivalane frå Oslo 3–1. Akershus vann 3–1 i alle sine tre heat og var i realiteten i ei eiga klasse i Hemsedal.

Først slo Akershus sitt eige andrelag før Oppland vart slått i semifinalen. I finalen vann Akershus dei tre første duellane, og dermed var finalen avgjort før siste duell.

– Herleg å bli historisk. Dette var vellykka og kjempemoro, og eg håper øvinga blir verande på NM-programmet. Det er klart at eg seier aldri nei til NM-gull, og det er spesielt å dele eit gull med veslebror Tobias, sa Rasmus Windingstad.

Kajsa Vickhoff Lie jubla også etter at NM-gullet var sikra.

– Kjempekult å vere første NM-vinnar av teamevent. Parallellslalåm er morosamt å køyre, sa Vickhoff Lie etter både gull og sølv i alpin-NM måndag. Tidlegare på dagen køyrde nemleg Vickhoff Lie inn til sølv i super-G.

Det er kombinasjonen og utfor som står att i alpin-NM i Hemsedal. Tysdag og onsdag er det klart for utfortrening. Rasmus Windingstad er førebels NM-konge med to NM-gull, men lovar å jakte fleire medaljar i Hemsedal torsdag og fredag. I fjor vart det tre NM-gull på Windingstad.

(©NPK)