Bjørgen vart mamma igjen

Marit Bjørgen og Fred Børre Lundberg vart laurdag foreldre for andre gong.
sport

Det er Lundberg som stadfestar fødselen overfor Aftenposten.

– Kan stadfeste at det kom eit nytt medlem av familien på laurdag. Alt står bra til med både mor og gut, skriv han i ei tekstmelding til avisa.

Den nye verdsborgaren var 51 centimeter lang og vog 3.678 gram, men har så langt ikkje fått noko namn.

– Det er like stort og spesielt som det var første gongen, seier Lundberg.

Frå før har han sonen Marius saman med Bjørgen.

Langrennsdronninga Marit Bjørgen avslutta karrieren etter førre sesong.

(©NPK)