Italiensk dommar på Ullevaal tysdag

Gianluca Rocchi (45) frå Italia dømmer EM-kvalifiseringskampen på tysdag i fotball mellom Noreg og Sverige på Ullevaal stadion.
sport

Det blir ikkje første gong Rocchi dømmer eit nordisk nabooppgjer i EM-kvalifisering på Ullevaal. Han var kampleiar då Noreg og Danmark spelte 1-1 der i 2011. Også den kampen vart spelt 26. mars, altså for akkurat åtte år sidan.

Rune Almenning Jarstein vakta Noregs mål. Han er den einaste i dagens tropp som var i den norske troppen den gongen.

I august 2010 dømte Rocchi meisterligakvalifiseringa mellom Rosenborg og FC København på Lerkendal. Markus Henriksen noterte mål og assist då RBK vann 2-1, men FCK tok seg til gruppespel på bortemålsregelen etter 1-0 i returkampen.

Rocchi har vore Fifa-dommar sidan 2008. I fjor vart han kåra til årets dommar i Serie A. Han dømte den europeiske supercupen mellom Real Madrid og Manchester United i 2017 og var kampleiar i fleire oppgjer under VM-sluttspelet i Russland i fjor.

Han får med seg Alberto Tegoni og Giorgio Peretti som assistentar på Ullevaal, medan Daniele Doveri er fjerdedommar.

(©NPK)