Klæbo og Østberg henta millionar i premiepengar

Dei norske langrennsløparane forsynte seg grovt av premiefatet denne sesongen. Flest premiepengar gjekk Ingvild Flugstad Østberg og Johannes Høsflot Klæbo inn.
sport

Det internasjonale skiforbundet (FIS) la etter verdscupfinalen på søndag i canadiske Quebec ut lista over kva for løparar som har sikra seg flest premiepengar denne sesongen.

På kvinnesida er det verdscupvinnar Ingvild Flugstad Østberg som tronar øvst. Gjøvik-jenta henta inn 175.900 sveitsar franc, tilsvarande 1.508.571 kroner i premiepengar etter dagens kurs. I tillegg til siger i verdscupen vann 28-åringen òg Tour de Ski og fem VM-medaljar (tre sølv og to bronse).

Therese Johaug var suveren på distanserenn heilt til minitouren i Canada i helga. Langrennstjerna frå Dalsbygda gjekk inn 1.255.355 kroner. Det førte 30-åringen opp på ein andreplass på pengelista. Russiske Natalja Neprjajeva vart nummer tre med sine 1.023.366 kroner.

Eventyrleg for Klæbo

På topp 20-lista finn vi òg Maiken Caspersen Falla (429.000 kroner), Astrid Uhrenholdt Jacobsen (240.000) og Heidi Weng (180.000).

På herresida var Johannes Høsflot Klæbo ikkje overraskande suveren. 22-åringen har tilført bankkontoen 1.779.982 kroner. Også Klæbo avgjorde verdscupen til sin fordel under verdscupfinalen i Canada.

Russiske Aleksandr Bolsjunov, som vart nummer to i verdscupen, vart òg nummer to på lista over premiepengar. Russaren tok med seg 1,2 millionar kroner.

Røthe på tredje

På denne lista kom Sjur Røthe på tredjeplass med 760.000 kroner.

Deretter følgjer Simen Hegstad Krüger (61.050), Emil Iversen (511.000) og Didrik Tønseth (504.000). Martin Johnsrud Sundby enda på niandeplass med 360.000 kroner.

På topp 20-lista finn vi òg Eirik Brandsdal (304.000) og Sindre Bjørnestad Skar (289.000).

(©NPK)