NRK: Solberg blir svensk landslagssjef

NRK erfarer at Glenn Solberg blir trenar for Sveriges herrelandslag i handball etter EM i 2020.
sport

NRK meiner å vite at Solberg har inngått ein avtale med Sverige, men det vil han ikkje stadfeste sjølv enno.

Robert Wedberg, generalsekretær i Sveriges handballforbund, seier at Solberg er ein av få kandidatar, men ønsker heller ikkje å komme med noka stadfesting.

– Vi har framleis dialog med fleire alternativ, men har inga løysing enno, seier Wedberg.

Islendingen Kristjan Andresson fortset etter det NRK kjenne til som Sveriges trenar fram til EM i 2020. Andresson har vore Sveriges trenar sidan 2016, men skal over til det tyske storlaget Rhein-Neckar Löwen.

Glenn Solberg scora 250 mål på 122 landskampar for Noreg i perioden 1994 til 2008. For få veker sidan leidde han St. Hallvard til opprykk i eliteserien. Laget vart seriemeister med tre kampar igjen å spele.

(©NPK)