Tysk påtalemakt vil ikkje kommentere nye dopingpåstandar

Statsadvokatembetet i München ønsker ikkje å kommentere den tyske TV-kanalen ARDs opplysningar om at ein tysk skøyteløpar er under dopingmistanke.
sport

Den aktuelle skøyteløparen skal ifølgje ARD vere mistenkt for å ha vore kunde av legen Mark Schmidt, som blir etterforska for å ha hjelpt ei rekke utøvarar med å bloddope seg.

Saka rundt legen vart offentleg då tysk og austerriksk politi gjennomførte ein felles aksjon under ski-VM i Seefeld nyleg.

I førre veke opplyste påtalemakta i München at 21 utøvarar frå åtte land og fem ulike idrettar er mistenkte for bloddoping.

Den Erfurt-baserte legen og medhjelparane hans skal visstnok ha vore aktive heilt frå 2011 og fram til no. ARDs opplysningar om at ein tysk skøyteløpar skal stå på kundelista, vil likevel ikkje påtalemakta kommentere.

– Vi uttaler oss ikkje om enkeltutøvarar, nasjonalitetar eller idrettar. Vi fortset med å samle bevis, seier ein talsmann til det tyske nyheitsbyrået DPA.

Det tyske antidopingbyrået NADA opplyser at det jobbar tett med etterforskarane og ønsker ikkje å verken stadfeste eller avkrefte ARDs opplysningar.

(©NPK)