U21-gutane tapte stort for Russland

Noregs U21-landslag for menn i fotball hang med til pause, men vart overkøyrt i 2. omgang og tapte 1–5 for Russland i Spania måndag.
sport

Russland tok leiinga 12 minutt ut i 1. omgang, men Heerenveen-proffen Dennis Tørset sørgde for balanse i rekneskapen tre minutt før pause.

Etter pause vart det verre for Noreg. 63 minutt var spelte då Roman Tugarev gjorde 2–1 for Russland. Eit kjapt hat-trick av Vjatsjeslav Grulev avgjorde kampen. Han scora tre raske i det 77.-, 82.- og 86. minutt.

For tre dagar sidan tapte Noreg 3–8 for Finland.

(©NPK)