Norsk Tipping åtvarar mot eige spel

Norsk Tipping åtvarar mot nettkasino. Det er eit spel selskapet sjølv har tilbode den norske marknaden i fem år.
sport

– Nettkasinospela er av dei mest avhengnadskapande spela som finst, seier fagsjef Bjørn Helge Hoffmann i Norsk Tipping til Bergens Tidende.

Det statlege tippeselskapet har sidan 2014 tilbode nettkasino, som inkluderer hjulspel, Blackjack, rulett og poker.

Hoffmann peikar på at talet på risikospelarar blant eigne nettkasinokundar har auka frå 6.000 til 10.000 dei siste ti månadene.

– Det er alvorleg og gir grunn til bekymring, seier han til avisa.

Generalsekretær Pernille Huseby i Actis, samarbeidsorganet til rusfeltet, er òg bekymra, men meiner likevel det er riktig av Norsk Tipping å tilby attraktive spel for å hindre at fleire spelar hos utanlandske selskap som ho meiner ikkje tar like mykje ansvar som det norske tippeselskapet gjer.

(©NPK)