Heidi Løke takkar nei til Storhamar, går truleg til Vipers

Veteranen Heidi Løke (36) har takka nei til å halde fram i Storhamar. Etter det Hamar Arbeiderblad erfarer, går 36-åringen til Vipers.
sport

Storhamar-trenar Arne Senstad stadfestar overfor Hamar Arbeiderblad at Løke har takka nei til kontraktsforslaget frå klubben.

– Eg hadde håpt at vi skulle få det til, men samtidig må ein berre akseptere at ho vel annleis, seier Senstad.

Avisa skriv òg at dei erfarer at Løke held fram karrieren i Vipers, men dette er ikkje stadfesta. Vipers kom til Champions League-sluttspelet i år og vart nummer tre.

Går Løke til Kristiansand-klubben, betyr det at ho vrakar Larvik, som var Løkes førsteval. Men etter at vestfoldingane vart flytte ned ein divisjon på grunn av økonomiske problem, vart dette uaktuelt.

Løkes landslagsplass hadde vore særs usikker om ho hadde valt Larvik. Landslagssjef Thorir Hergeirsson har vore klar på at Løke må spele på minst norske eliteserienivå for å kunne halde nivået og vere ein reell kandidat for Noreg.

Noreg spelar VM i desember og høgst truleg OL neste sommar.

Med Kari Brattset og Vilde Ingstad som utfordrarar på 7-metersplassen, har Løke hard konkurranse på landslaget.

(©NPK)