James skreiv under for United

Ole Gunnar Solskjærs første sommarsignering er i boks. Vingen Daniel James skreiv onsdag under for Manchester United.
sport

21-åringen James har imponert for Swansea i meisterskapsserien og har òg fått med seg fire landskampar for Wales sidan hausten i fjor.

No har han skrive under på ein femårskontrakt med United med opsjon på ytterlegare eitt år. Samtidig gir James det første intervjuet sitt som United-spelar.

– Dette er ein av dei beste dagane i livet mitt, og eg ser verkeleg fram til utfordringa. Premier League er den beste ligaen i verda, og Manchester United er den perfekte staden for meg til å halde fram utviklinga mi, seier James.

Solskjær, som truleg står føre ein hektisk sommar med spelarovergangar og -forhandlingar, er svært fornøgd med å ha den unge walisaren på plass.

– Daniel er ein spennande, ung ving med mange evner, overblikk, eksepsjonell fare og ein god arbeidsmoral. Han hadde ein flott sesong med Swansea og har alle eigenskapane ein treng for å bli ein Manchester United-spelar, seier Uniteds norske manager.

United betaler Swansea 15 millionar pund for James, ifølgje britiske medium. Overgangssummen kan auke noko avhengig av James prestasjonar i den raude trøya.

(©NPK)