Nigeria med viktig siger i Noregs VM-gruppe

Nigeria kan framleis drøyme om sluttspelplass i fotball-VM etter 2-0-siger over Sør-Korea i Grenoble.
sport

Nigerianarane tapte 0–3 mot Noreg i første kamp i gruppespelet, og dei får det truleg svært tøft mot Frankrike i den siste. Dermed var sigeren over sørkoreanarane avgjerande for håpet om å kunne ta seg vidare frå gruppe A.

1-0-målet etter 28 minutt kom på komisk vis. Sør-Koreas midtstoppar Kim Do-yeon prøvde å klarere ein lang ball, men enda i staden opp med å sende ballen rett i eige mål.

I andre omgang auka Asisat Oshoala leiinga med ei flott avslutning. Dermed vart ho den andre nigerianske spelaren som scorar i to ulike VM-turneringar.

Dei to beste i kvar av dei seks VM-gruppene går vidare til åttedelsfinalane. Det gjer òg dei fire beste trearane.

(©NPK)