Fifa fann ikkje teikn til kampfiksing i norsk storsiger i U20-VM

Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har etterforska Noregs 12-0-siger over Honduras i U20-VM utan å finne noko mistenkjeleg, skriv Nettavisen.
sport

Det betyr at den norske storsigeren, der spisstalentet Erling Braut Håland scora ni mål, blir ståande som gyldig. 12–0 er den største sigeren i U20-VM-historia.

– Vi kan stadfeste at Fifa har evaluert situasjonen, og vi har ikkje mottatt informasjon som tilseier at kampen er manipulert av betting- eller konkurranseomsyn, verken gjennom Figas interne rapporteringsmekanismar eller frå dei eksterne partane som overvaker turneringa, skriv ein talsmann i Fifa i ein e-post til Nettavisen.

Trass i 12-0-sigeren mot Honduras rauk Noreg ut av VM i gruppespelet. Det norske laget tapte dei to første kampane mot Uruguay og New Zealand.

(©NPK)