Japan slo tilbake mot Skottland i fotball-VM

Japan snubla i VM-opninga med berre 0-0 mot Argentina. Mot Skottland slo dei tilbake og vann 2-1. Skottane følte seg snytt for to straffespark.
sport

Mana Iwabuchi sende sølvvinnarane frå 2015 i leiinga med eit flott skot etter halvspelt første omgang. 26-åringen med fortid i Bayern München fekk ballen på 17 meter og skaut høgt midt i mål bak Skottlands sisteskanse Lee Alexander.

Vondt vart til verre for skottane då Japan fekk eit litt billeg straffespark eit snautt kvarter seinare. Yuika Sugasawa gjekk i bakken då Rachel Corsie la ein arm på skuldra hennar, men kontakten var knapp. Sugasawa valde å ta straffa sjølv og auka til 2-0.

Skottland, som tapte 1-2 mot England i opningskampen sin, pressa på for scoring og fekk uttelling to minutt før slutt. Frå 20 meter klemte Lana Clelland til og fekk nettsus, men tida vart for knapp for Michelle Kerrs lag.

Skottane ropte på straffe ved to høve for hands og eit kakk på hælen, men fekk ikkje gehør av dommar Lidya Tafesse Abebe eller videodommarteamet. Sjølv om hendingane ikkje var dei mest alvorlege, verka dei klarare enn straffesparket Japan fekk i første omgang. TV 2-kommentator Kasper Wikestad gjekk så langt å kalle kampen for ein liten VAR-skandale.

Japan har fire poeng etter to kampar, medan skottane er poenglause.

(©NPK)