Warholm står over Ostrava-stemne

Karsten Warholm droppar den planlagde 400-meteren på IAAF-stemnet i tsjekkiske Ostrava torsdag som følgje av krampen han fekk under Bislett Games.
sport

Det opplyser Warholms mor og manager, Kristine G. Haddal, til NTB.

– Det er ingen dramatikk rundt dette, men konkurransane kjem litt for tett til at det vil vere forsvarleg å stille til start så kort tid etter krampen han fekk, seier Haddal.

Warholm sette Europa-rekord på 400 meter hekk med 47,33 under Bislett Games sist torsdag. I etterkant av løpet fekk han krampe då han skulle gå opp trappa opp mot intervjusona.

– Det er ikkje noko problem, krampar som kjem i låg fart er ikkje noko farleg, sa Warholm då.

Han skulle etter planen sprunge 400 meter flatt på Golden Spikes-stemnet i Ostrava og hadde planar om å forbetre den norske rekorden sin på distansen. Slik blir det altså ikkje, og Warholm vil i staden prioritere trening i tida som kjem.

(©NPK)