Barcelona hentar japansk stortalent

Førre månad vart det japanske stortalentet Takefusa Kubo (18) klar for Real Madrid. No har erkerival Barcelona sikra seg Hiroki Abe (20).
sport

Abes klubb Kashima Antlers stadfestar overgangen. Ifølgje den japanske kringkastaren NHK skal 20-åringen spele på Barcelonas 2.-lag i starten.

– Eg følte verkeleg at eg ønskte i Barcelona sjølv om avgjerda var vanskeleg sidan eg forlèt laget (Antlers) midt i sesongen, seier Abe i ei pressemelding.

Midtbanespelaren vart kåra til «årets unge spelar» i den japanske eliteserien førre sesong. I tillegg vann han den asiatiske meisterligaen.

Han var del av Japans tropp til sommarens Copa America, der han fekk tre kampar.

Overgangen skjer månaden etter at Takefusa Kubo, som vert kalla «den japanske Messi», vart klar for Real Madrid.

Kubo vart henta av Barcelona som 10-åring i 2011, men måtte forlate den katalanske klubben som 13-åring då Barcelona vart funnen skuldig i å ha brote reglar for kjøp av spelarar under 18 år.

(©NPK)