Hovland gjekk opningsrunden to under par

Viktor Hovland gjekk første runde av vekas PGA-turnering i Illinois to slag under par. Det gav ein delt 56.-plass då runden var ferdigspelt.
sport

Det norske stjerneskotet starta runden sin på 10. hol og greidde umiddelbart ein birdie. Det vart ein ny birdie på 14. hol og ein ny på 2. hol.

Han avslutta dagen med ein bogey på 9. hol og kvitterte dermed for ein 69-runde.

Amerikanarane Adam Long og Russell Henley delte lenge førsteplassen etter å ha fullført runden på 64 slag, sju under par. Det heldt likevel ikkje mot Roberto Diaz frå Mexico som kunne notere seg for sju birdies i tillegg til ein eagle på det tiande holet. Dermed enda han på 62, to slag betre enn amerikanarane og heile sju slag føre Hovland.

Turneringa i Silvis i delstaten Illinois held fram fredag og blir avslutta søndag.

(©NPK)