Måltjuven Griezmann klar for Barcelona

Den franske fotballstjerna Antoine Griezmann er omsider klar for Barcelona. La Liga-klubben stadfesta overgangen fredag.
sport

Barcelona stadfesta overgangen på Twitter fredag.

Ifølgje fleire medium har 28-åringen signert ein femårskontrakt som strekker seg til juni 2024.

Dermed har den spanske giganten betalt utkjøpsklausulen til Griezmann på rundt 120 millionar euro, nærare 1,2 milliardar norske kroner.

Allereie i midten av mai vart det kjent at Griezmann forlét Atlético Madrid. «Det har vore fem utrulege år, tusen takk for alt. Eg tar dykk med i hjartet mitt», skreiv den franske måltjuven på det sosiale mediet Twitter.

Griezmann kom til Atlético Madrid frå Real Sociedad i 2014 og forlengde i 2017 kontrakten fram til 2022. Men no er han klar for spel saman med Lionel Messi & co.

(©NPK)