Norske, kvinnelege mosjonistar spring raskare enn amerikanske menn

Norske kvinner fullfører eit maraton nesten 13 minutt føre amerikanske menn. Samtidig er det berre fire nasjonar som spring raskare enn norske mosjonistar.
sport

Det viser ein studie som har tatt for seg 107,9 millionar springeresultat frå ulike distansar i meir enn 70.000 mosjonsløp frå 1986 til 2019. Totalt har 1.325.539 norske løparar vorte analyserte.

Eitt av funna er at norske kvinner gjer det klart betre enn både amerikanske og britiske menn i maratonløp. Medan kvinnelege norske mosjonistar i snitt fullfører eit maraton på tida 4.18.48, bruker britane og amerikanarane høvesvis 4.23.27 og 4.31.07.

– Eg trur primærårsaka er motivasjonen og at Noreg har betre løparar. I USA kan det vere at springing er meir ein sosial ting og at ein tenker «la oss springe eit maraton». I Noreg er det meir konkurransen om kor fort ein kan springe, seier Jens Jakob Andersen i RunRepeat til NTB.

Også menn frå India, Brasil, Sør-Korea, Japan, Malaysia, Nigeria og Thailandmå sjå seg slått av norske kvinner.

I verdstoppen

Ifølgje den omfattande studien er norske mosjonistar i verdstoppen i maraton. Med ein gjennomsnittstid på 4.01.00 for begge kjønn er det berre fire nasjonar som presterer betre enn Noreg.

– Noreg er ein generelt dugeleg sportsnasjon. Vi har ingen forklaringar på kvifor Noreg er så gode til å springe, men ein ting vi har sett litt på, er klimaet. Optimal temperatur for å springe i er ti til tolv grader, seier Andersen.

– Men eg trur det er meir ein kulturell ting. Noreg har alltid vore gode i sport. I vinter-OL gjer Noreg det bra på grunn av skisport, men også i sommar-OL er Noreg gode.

Spanjolar er i snitt dei duglegaste maratonløparane i verda uavhengig av kjønn med ei tid på 3.53.59. Deretter følgjer Sveits (3.55.12), Portugal (3.59.31) og Ukraina (3.59.53).

Norske menn fullfører eit maraton med ei gjennomsnittstid på 3.55.14.

Langt føre Sverige

Også i Skandinavia kan nordmenn slå seg på brystet av gode resultat. I samandraget hamnar Sverige over ein halvtime bak norske mosjonistar. Svenskane må ta til takke med ein 33.-plass og ein gjennomsnittstid på fire timar og 32 minutt. Det er dårlegast i Norden.

Island er omtrent fire minutt bak Noreg på ein 9.-plass, medan danskane endar elleve minutt bak på 16.-plass. Finland har 32.-plassen like føre Sverige.

Studien er den største om springeresultat nokosinne. Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), danske RunRepeat og professor Invanka Nikolova står bak arbeidet, som varte i åtte månader.

Fleire kvinner enn menn

For første gong i historia er det fleire kvinner enn menn i misjonsløp. I 2018 var 50,24 prosent av deltakarane kvinner. I Noreg er kvinnedelen 43,78 prosent.

Samtidig blir deltakarane stadig eldre. I 1986 var gjennomsnittsalderen 35,2 år, medan den var på 39,3 år i 2018.

Det siste året har det vore ein nedgang i talet på deltakande nordmenn på tre prosent. Det er første gong Noreg opplever nedgang i studieperioden. På verdsbasis har det vore ein nedgang på 13 prosent sidan toppåret 2016 då 9,1 millionar deltakarar fullførte.

Belgia har hatt ein kraftig auke i talet på deltakarar. Dei siste fem åra har talet auka med 41 prosent.


(©NPK)