Til Nettavisen seier Srour at kampen kan definere karrieren hans.
– Ikkje noko anna er aktuelt for meg enn siger. Eg må vise dei at eg er den beste boksaren i Noreg og denne kampen kjem til å snu ting på hovudet, seier han.
Dette blir den tredje proffkampen til 23-åringen. Boksaren frå Tønsberg er førebels ubesigra.
Motstandar Vazem har gått 15 proffkampar. Russaren har vunne åtte og tapt sju.
(©NPK)