Víctor Valdés blir trenar i Barcelona

Keeperlegenda blir trenar for ungdomslaget til Barcelona, Juvenil A. Han kjem frå jobben som trenar i ED Moratalaz.
sport

Barcelona stadfestar signeringa fredag ettermiddag. Avtalen strekker seg ut 2020-sesongen.

37-åringen trena Madrid-laget Juvenil A del Moratalaz til ligatittel med tolv poengs margin sist sesong.

Valdés la opp som fotballspelar januar i fjor. I mai same år fekk han diplomet som synleg bevis på at han er utdanna med UEFA B-lisens.

Sisteskansen spelte over 500 kampar for Barcelona og vann det som kunne vinnast. Mellom anna seks ligameisterskapar og tre Meisterliga-titlar. Han spelte òg for Manchester United, Standard Liège og Middlesbrough.

(©NPK)