Fosslis hjarte var undersøkt

Langrennsløparen Sondre Turvoll Fosslis hjarte var undersøkt utan at det vart funne feil, seier landslagslege Øystein Andersen til NRK.
sport

Andersen var på ferie då han fekk beskjeden om at Fossli hadde fått hjartestopp medan han køyrde bil.

– Det er heilt naturleg som lege å tenkje på kva som kunne ha vore gjort annleis for å unngå hendinga, seier Andersen til NRK.

Etter at toppsvømmaren Alexander Dale Oen døydde av hjartestopp i 2012, har det vore auka medvit rundt å avdekkje moglege hjartefeil hos norske idrettsutøvarar.

Dette har ikkje minst vore viktig i langrennsleiren. Andersen seier at alle landslagsløparane er inne til årleg helsekontroll der hjartet blir undersøkt på fleire måtar. Utøvarane tar òg jamleg såkalla hjartescreening gjennom EKG-undersøking.

Dette gjeld òg skisprintaren Fossli.

– Han har vore inne i både vårt og Olympiatoppens system, seier Andersen.

Det har ikkje vore mistanke om noko feil for Fosslis del.

– Det finst ingen spesifikke undersøkingar som åleine eller samla kan identifisere alle personar med auka risiko for plutseleg død. Det er rett og slett ikkje mogleg å fange opp alle med sjukdom, konstaterer Andersen.


(©NPK)