Glimt har selt Herrem til Allsvenskan-klubb

Spissen Geir André Herrem (31) forlèt medaljejagande Bodø/Glimt til fordel for nedrykkstrua Kalmar i svensk fotball.
sport

Det opplyser Bodø/Glimt på nettstaden sin, utan å nemne nokon overgangssum.

Herrem har scora seks mål i årets eliteserie for eit Glimt-lag som har imponert. Han kom til Bodø-klubben frå Åsane før 2018-sesongen.

Kalmar opplyser at Herrem har skrive kontrakt på halvtanna år med klubben.

– Geir var ein spelar vi verkeleg ville ha, og det var sjølvsagt litt jobb å løyse han frå ein klubb som speler om gullet i Noreg, skriv den sørsvenske klubben.

(©NPK)