Padlehåpet Amund Vold (21) har fått blodkreft

Den norske padlaren Amund Vold (21) har vorte alvorleg sjuk med kreftsjukdommen akutt lymfoblastisk leukemi.
sport

Vold tok sølv i U23-EM tidlegare i sommar. Han kan ikkje delta i VM eller OL neste år som følgje av kreftsjukdommen.

– Amund fekk førre veke påvist blodkreft av typen akutt lymfoblastisk leukemi (ALL). Amund er tatt vare på på beste måte av Rikshospitalet. Tankane våre er med Amund og familien hans i denne vanskelege tida. NPF vil gjere det vi kan for at Amund kjem tilbake til verdstoppen, skriv sportssjef Eirik Verås Larsen i Noregs Padleforbund i ei pressemelding.

Amund Vold representerer Oslo Kajakklubb.

(©NPK)