RBK garantert 86 mill. for Europa-suksessen – skal kjempe om hundrevis av millionar

Rosenborgs siger over Maribor gav sikker europaligaplass og håp om spel i Champions League. I tillegg kjem ein diger pengesum.
sport

Minst 86 millionar kroner frå Det europeiske fotballforbundet (Uefa) hamnar garantert på kontoen til trønderane etter avansementet på tysdag mot Maribor. Men summen blir høgst sannsynleg endå høgre, sjølv om RBK skulle bomme i siste kvalifiseringsrunde til meisterligaen.

RBK får 50 millionar kroner i «trøystepremie» dersom laget ryk ut mot Dinamo Zagreb, i tillegg til at kvart lag får 29 millionar kroner berre for deltakinga i gruppespelet.

Frå før har Rosenborg sikra 6,6 millionar gjennom deltaking i 1. og 2. kvalrunde. Laget vil òg få minimum 713.000 kroner frå Uefas rankingpott, som blir fordelt ut frå kvar laga ligg på klubbrankinga.

TV- og billettinntekter

Også fleire andre midlar skal fordelast. Mellom anna tv-inntekter, der Rosenborg fekk om lag 20 millionar kroner for deltakinga i gruppespelet i europaligaen i fjor.

Også publikumsinntekter og utbetalingar frå eigne sponsorar skal med i reknestykket. Og på toppen av det heile kjem betalingar for prestasjonar:

Ein siger i gruppespelet i europaligaen er verd 5,7 millionar kroner, medan eit uavgjortresultat gir 1,9 millionar på konto.

Det er med andre ord ikkje usannsynleg at ei europaligadeltaking vil gi Rosenborg inntekter på langt over hundre millionar kroner.

Meisterliga-gullgruve

Skulle RBK ta seg inn i Fotball-Europas gjævaste selskap, meisterligaen, snakkar vi om heilt andre summar. Berre deltakinga i Champions League-gruppespelet gir 152 millionar kroner til kvar klubb.

Kvar del av rankingpotten er òg betydeleg høgare – minimum 11 millionar – og det same med belønninga for å ta poeng i gruppespelet. Ein siger i CL gir 27 millionar kroner, medan eit får 9 millionar for å spele uavgjort.

Legg til høgare publikumsinntekter, meir tv-pengar og større sponsorutbetalingar, og ein snakkar fort om Europa-inntekter i to-trehundremillionarsklassen.

Rosenborg møter Dinamo Zagreb borte 20. august og heime 27. august. Vinnaren samanlagt går inn i gruppespelet til meisterligaen.

I 2017/18 fekk Rosenborg snautt 60 millionar kroner av Uefa for deltakinga i gruppespelet i europaligaen. Då er tv-inntekter medrekna, medan bonusar frå kvalifiseringsspelet kom i tillegg.


(©NPK)