Ryggproblem stoggar Williams i Cincinnati

Ein vond rygg gjer at Serena Williams trekker seg frå WTA-turneringa i Cincinnati. No må ho kjempe for å bli klar til US Open.
sport

Ryggskaden tvinga nyleg Williams til å avbryte WTA-finalen i Toronto. Skaden har ikkje vorte vesentleg betre, og no trekker ho seg frå WTA-turneringa i Cincinattis.

Williams skulle møte Zarina Diyas frå Kashakstan i første runde, men trekte seg få timar før kamp.

– Eg har prøvd alt for å bli klar for spel. Eg håpte eg kunne klare det etter sist trening, men dessverre er ikkje ryggen bra nok for å spele, seier Serena Williams i ei fråsegn via arrangøren.

37-åringen har tatt 23 Grand Slam-titlar i karrieren sin, berre australske Margaret Court har fleire gjennom historia med sine 24. Sist Grand Slam-turnering vart vunne i 2017 (Australian Open).

No må Williams jobbe knallhardt for å bli klar til neste Grand Slam-turnering, US Open. Den turneringa har ho vunne seks gonger tidlegare, seinast i 2014.

Turneringa i New York blir frå spelt 26. august til 8. september.

(©NPK)