Van Dijk hyllar kvinneleg toppdommar

Stéphanie Frappart blir den første kvinnelege dommaren i ein større Uefa-kamp for menn når Liverpool og Chelsea møtest i supercupen onsdag.
sport

Før kampen får Frappart ros av Liverpools forsvarsbauta Virgil van Dijk. Han meiner Uefa har gjort eit godt val av dommar og meiner kjønn ikkje speler noka rolle.

– Kjønn ikkje er relevant om du har nok kompetanse, noko ho tydeleg har vist at ho har. Elles hadde ikkje Uefa utnemnt henne som dommar i ein slik kamp. Det speler inga rolle om du er kvinne, berre sjå på CV-en hennar. Ho har gjort mange bra kampar tidlegare, og det er ei riktig avgjerd å la henne dømme, seier nederlendaren ifølgje Aftonbladet.

Frappart er ein av dei mest rutinerte fotballdommarane i verda, med mellom anna årets VM-finale på merittlista.

Ho har tidlegare dømt Ligue 1-kampen mellom Amiens og Strasbourg for herrar, og ho inngår i dommarteamet som skal dømme i den øvste franske divisjonen denne sesongen. Onsdag skriv 35-åringen eit nytt kapittel i fotballhistoria når ho dømmer i Uefas supercup.

Supercupen blir spelt mellom vinnarane av meisterligaen (Liverpool) og europaligaen (Chelsea). Kampen blir spelt klokka 21 i Istanbul.

Tidlegare har Nicole Petignat frå Sveits dømt tre kvalifiseringskampar til UEFA-cupen mellom 2004 og 2009.

(©NPK)