Iver Fossum klar for dansk fotball

Etter tre år i tyske Hannover har Iver Fossum signert for danske AaB. Landslagsspelaren har signert ein fireårskontrakt.
sport

Det stadfestar Aalborg-klubben fredag formiddag. Nyheita kjem dagen etter at Hannover stadfestar at nordmannen hadde dratt på ein medisinsk test i ein ny klubb.

– Ambisjonen min er å bidra til laget raskast mogleg, så vi kan oppnå våre målsettingar. Eg har følgt dei siste kampane og synst at vi har ein bra tropp, seier Fossum til nettstaden til klubben.

Ei rekke nordmann har spelt for den nye klubben til 23-åringen. Petter Belsvik, Daniel Fredheim Holm, Kjetil Wæhler, Ståle Solbakken og Frank Strandli er blant dei som har spelt for Aalborg-klubben.

– Eg har sjølvsagt forhøyrt meg i fotballmiljøet, der AaB har eit godt omdømme både på det menneskelege plan, men også med tanke på å spele attraktivt, og det hadde eg stor lyst til å bli ein del av, uttaler midtbanespelaren som har fått draktnummer 8.

Fossum har tolv landskampar for det norske A-landslaget. Han spelte for moderklubben Strømsgodset fram til overgang til Hannover i januar 2016.

(©NPK)